torsdag 26. mars 2009

Stygt og pent om augo som ser



Eg husker alltid turane vi hadde til bestemor om sommaren når eg var mindre. Når vi kjørde i dalane, dei høge fjella og bekkane som rant ned på sida av dei. Det fine grøna landskapet med mange fine blomstrar. Ein kunne til og med sjå ein saueflokk, geiteflokk eller ein reinsflokk ute på dei grøne markane. Eg hugsar spesielt ein foss som heiter ” Tvindefossen”. Eg hugsar kor stor og fin eg syns den var. Kvar gong når vi køyrde forbi der fortalde alltid pappa om eit brudepar som hadde omkomme der, nokre dagar før/etter dei hadde gifta seg.

Ingen kommentarer: