tirsdag 9. desember 2008

"Auggie Wrens Juleforteljing"




Ei juleforteljing er ein historie sjanger som blir svært populær rundt juletider. Historiene er som regel triste, men endar som regel godt. Julehistorier blir veldig ofte knytt opp til englar, snø og nissar osv. Det er veldig mange som syns at ei juleforteljing må ha noko med dette å gjera, men det er mange som ikkje tenkjar slik og. Det viktige med historia er korleis sjanger det er, det er det som er avgjerande for historia.

Auggie Wrens juleforteljing blei skriven av den amerikanske forfattaren Paul Auster. Han fekk i oppgåve å skriva ei juleforteljing for New York Times. Paul veit ikkje om han klarar denne oppgåva og spørr vennen sin om råd. Historia han får fortalt startar negativt, men endar godt. Den begynner med ein gut som stjel noko frå butikken hans, og mistar lommeboka si. Auggie vil levere tilbake lommeboka og reiser heim til guten som stjal frå han. Auggie oppdagar at det bare er bestemora som bur der, og ho er blind. Han latar som at han er barnebarnet til bestemora, og vil ikkje skuffe ho sidan det var juleaftan. Når han skal på toalettet oppdagar an mange esker med kamera, og han stjal med seg eit.

Eg trur ikkje Auggie ville ha namnet sitt i forteljinga fordi han skamma seg over det han hadde gjort. Han hadde lurt ei gammal dame til å tru at han var barnebarnet hennar og stjal ei eske med eit fotoapparat. Eg trur ikkje han vil at folk skal dømme han for det han gjorde, derfor brukar han ikkje namnet sitt.

Auggie går tilbake i tid med historia når han kjem til lommeboka, bestemora, julemiddagen og kameraet han stjele Han kallar seg sjølv for ein kunstnar og har teke bilete av den same plassen, same tidspunktet kvar dag i flire år. Han tek ut biletane og sett dei i eit fotoalbum. Det han vil vise med desse biletane er utviklinga som har skjedd opp gjennom årene.

Auggie flettar fleire historier inn i ei, og det er det han har gjort med ”Auggie Wrens juleforteljing”. Han blir kjent med Auggie, korleis dei vart kjent før han ber Auggie ber om hjelp. Etter dette kjem sjølve juleforteljinga som Auggie forteljar.

Bilete fant eg her: http://images.google.com/images?&um=1&hl=no&safe=off&client=opera&rls=nb&q=jul&&sa=N&start=0&ndsp=18

Ingen kommentarer: